Fjernhjelp

Rask og effektiv nettbasert dataservice.

 

 

 

    Fjernhjelp
    • Kontakt oss for å settje i gang.


    Fjernhjelp er ei enkel, effektiv og nettbasert teneste der me loggar inn på kundemaskinar frå eigne lokale, medan kunden kan lena seg tilbake i stolen og sjå på at jobben vert gjort. Så sant internett er oppe og går er dette ei praktisk løysing.

     

    Sikkerhet
    Noko av det viktigaste for Tysnes Data er sikkerhet, og me legg stor vekt på enkle og trygge løysingar.

    Me brukar TeamViewer i arbeidet for fleire av kundane våre. Nedanfor kan du lesa kva som gjer Tysnes Data til ei trygg og effektiv løysing for nettbasert IT-support.


    Kvalitetsstempel
    TeamViewer er av Bundesverband der IT-Sachverständigen und Gutachter e.V. (BISG e.V.) i Tyskland, blitt tildelt kvalitestsstempelet med fem stjerner, som er maksimal verdi. Dei uavhengige ekspertane i BISG e.V. testar produkta til kvalifiserte produsentar når det gjeld kvalitets-, sikkerhets- og serviceeigenskapar.

     

    Sertifisering
    TeamViewer GmbH driv som eit av dei få tilbydarane på markedet - eit sertifisert kvalitetssytem, ifølge ISO 9001. Våre produkt og løysingar er såleis sertifiserte etter internasjonale anerkjente standarder.

     

    Sikkerhetsinspeksjon
    TeamViewer er sikkerhetsinspisert av det tyske selskapet FIDUCIA IT AG (leverandør av IT-tenester for ca. 800 tyske bankar) og er godkjend til bruk på arbeidsstasjoner i bankar.

     

    Kryptering
    TeamViewer arbeider med full kryptering (på grunnlag av RSA Public-/Private Key Exchange og AES (256 bit) Session Encoding). Denne teknikken vert også brukt ved https/SSL og blir i dag sett på som fullstendig sikker ut frå dagens tekniske nivå. Sidan Private Key aldri forlet kundemaskina, sikrar metoden at damaskinar som er kopla mellom på Internett ikkje kan dekoda datastraumen. Dette gjeld òg for TeamViewer sin routingserver.

     

    Tilgangssikring
    I tillegg til automatisk generert partnar-ID, genererer TeamViewer eit dynamisk passord for den aktuelle økta. Dette passordet endrar seg i standardinstallinga etter kvar oppstart (av TeamViewer) og gjer dermed betre sikkerhet mot uønskt tilgang til systemet. Viktige tilleggsfunksjonar som filoverføring krev ei ekstra, manuell bekrefting frå brukaren (kunden). Dessutan er det generelt ikkje mogleg å kontrollera ei datamaskin med TeamViewer utan å bli oppdaga, då brukaren av den eksterne maskina (kundemaskina) vil vera informert om tilgongen.